Mild pleiande gelé. Til overflatesår, hudplager og
fot/hudmassasje.
God mot skadelege bakteriar og sopp. Velegna til alle former for hudpleie overalt på kroppen; tørre hender, etter soling, etter barbering, til overflatesår og hudplager.
Gelkonsistensen gjer produktet bruksvenleg og velegna også til fot- og hudmassasje.
Dette produktet har alle dei gode eigenskapane til hudpleie pluss, men konsistensen betyr at det kan doserast i større mengder. Det er ein fordel ved hudplager og overflatesår.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur.
Ingredients
Funksjon/forklaring:
Aqua
Reint vatn frå Hardanger
Glycerol
Fuktgjevande
Hindrar uttørking
Held hud og slimhinner mjuke og elastiske
Carboxymethylcellulose
Bidreg til rett konsistens
Gjev god smøreevne
Sodium alginate
Produsert av tang og tare
Gunstig for sårheling
Alginat bidreg til rett konsistens
Alginat absorberer sårsekret og er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling
Acetic acid (eddiksyre)
Trisodium citrate (sitronsyre)
Potassium sorbate (sorbinsyre)
Sodium benzoate (benzosyre)
Den unike kombinasjonen av desse 4 organiske syrer gjev pH4.
• pH 4 bevarer den gode og normale (nyttige) bakteriefloraen og har hemmande effekt på problembakteriar
• pH4 styrker huda sin fornyingsprosess
• Dei organiske syrene er konserverande
Lemon Essence Oil
Gjev god lukt og dempar eddiklukten
Aroma
Gjev god lukt og dempar eddiklukten
Green color
Bidreg til Optima sin grøne profil
Alle ingrediensar er godkjente til bruk i mat!